«Allereie frå første opplæring forståd eg systemet på ein enkel måte»
Devin driv Fjord Ride — ATV-utleige og naturopplevingar langs fjordane på Vestlandet. Han starta med Sharefox, men bytta til Ember etter å ha gått lei av eit system som jobba mot han.

Devin er 29 år. Han er den typen som fiksar det meste sjølv. Men med Sharefox gjekk det ikkje.
«Funksjonane var der, men dei var skjult. Det var vanskeleg å finne ut korleis ein skulle bruke dei på ein effektiv måte.»
Berre det å legge til eit produktbilete var så tungvint at han utsette det. Han visste det kom til å ta tid, så han let det vere.
Eit system som jobba mot han
På papiret hadde Sharefox det han trengte. I praksis? Ein kamp. Å byte farge på sida si burde ta ti sekund. Det gjorde det ikkje.
«I 2026 burde systema vere mykje enklare og meir brukarvennlege.»
Og når noko gjekk gale? Då måtte han bestille tid med IT-avdelinga og vente på svar.
Så bytta han til Ember
Devin forståd opplegget allereie under første opplæring. Han trong ikkje leite seg fram.
Det han gjer i Ember no:
«Ember er mykje meir fleksibelt og enklare å bruke. Du kan endre tema, fargar og bilete veldig enkelt — noko som var heilt umogleg med Sharefox.»
Hjelp når du treng det
Men det som overraska Devin mest var ikkje sjølve systemet. Det var oppfølginga.
«Eigaren følgjer deg opp personleg, enten via telefon eller livestream, og du får hjelp med ein gong. Med Sharefox måtte eg bestille tid med IT-avdelinga, og det kunne ta mykje lenger tid.»
Ikkje noko ventetid. Ikkje noko å bli sendt vidare til nokon andre.

Devin, eigar av Fjord Ride.
«Ember har rett og slett vore eit supert val for meg. Det er den beste investeringen eg har gjort for verksemda mi.»
Frustrert over bookingsystemet ditt?